REFERAT FRÅ MØTE I FAU/SU/SMU PÅ KOLLEMO SKOLE TYSDAG 16.04-2024:
Tidspunkt: 18.30 – 20.00
Stad: Klasserommet til 4. klasse på Kollemo skole (rom nr. 200).
Frammøtte: Stine-Mari Johnson (1. kl.), Merete Loka (2. kl.), Trine Martinussen (3. kl.), Lene N. Urevatn (4. kl.), Magne Pedersen (5. kl.), Gerd Lima (6. kl.), Arne Andersen (7. kl.), Kai Ola Urevatn (kommunal representant), Nina L. Tveit (tilsett), Cecilie Eiken (tilsett), Ann Helen Klungland (tilsett), Leon Olsen (elevrådsrepr.) og Kjetil Homeland (sekretær).
Saksliste:
Sak 1: Situasjonsrapport frå Kollemo skole:
Positivt |
Forbetringspotensial |
|
|
Sak 2: AKT var med via Teams frå kl. 19.00 – 19.30: Det var då mogleg å stille generelle spørsmål om skuleskyssen.
Dette vart noko av det som vart sagt:
- Det vart teken opp at det er eit problem at det ligg søppel i enkelte av skulebussane. AKT sa at dei skulle ta dette opp med operatør.
- AKT har regelmessige møter med operatør.
- AKT er ikkje arbeidsgjevar når det blir meldt inn klager på bussjåførar, men dei melder då vidare til selskapet som sjåføren er tilsett i. Selskapet tek så saken vidare etter gjeldande prosedyrar.
- Det er viktig at ting blir teken tenesteveg når det er alvorlege hendingar som skjer (Rektor- AKT – selskap - sjåfør).
- Dersom føresette har noko dei ønsker å ta opp omkring skuleskyssen kan dei sende ein e-post til følgjande adresse: skoleskyss@akt.no
- Busselskapa gjennomfører opplæring av sine tilsette.
- AKT arbeidar for å få til forbetringar i tilbodet, som skulen har ytra ønske om, kommande skuleår (meir plass på bussane, mv.). Dei understreka at dei ikkje kunne love at dei fekk dette til.
- Når skulebussen er forsinka skal selskapet varsle skulen, som igjen skal varsle føresette. Føresette kan også laste ned AKT-reiseappen. Der kan dei sjå kor bussen til ei kvar tid er.
- Alle som skal køyre buss må ha godkjent køyreseddel (deriblant politiattest).
- Vinterskyss (Snartemobussen): AKT ser på dette og kjem med eit raskt svar.
Sak 3: Skulefoto: Skulen har fått ein mail med pristilbod på skulefotografering frå Lima foto. Vi ser på dette på møtet, og på om skulen evt. skal velje å bytte fotograf frå neste år av.
FAU ønsker at skulen held fram med same fotograf som tidlegare.
Sak 4: Gjennomgang av ny plan for elevane sitt skolemiljø. I samband med det generelle tilsynet på opplæringslova §9a som vi hadde i fjor har kommunen utarbeida ein ny plan for elevane sitt skulemiljø. Denne er tenkt å erstatte «plan mot mobbing og krenkingar i Hægebostad kommune».
Møtedeltakarane var orienterte om at Statsforvaltaren har avslutta tilsynet (dette vil det også kome informasjon om på eit infobrev, som skal ut til alle føresette).
Møtedeltakarane har fått den nye planen tilsendt pr. mail. Rektor gjekk igjennom hovudtrekka av det som lagt til/endra:
- Det er henvist til §9a-5, som omhandlar kva som skal skje viss ein tilsett krenker ein elev.
- Internkontrollrutine for korleis skuleeigar skal halde kontroll på korleis skulane arbeidar med §9a-saker.
- Det spesifisert kva trivselsundersøking skulane skal bruke.’
- Det står tips til tiltak frå UDIR som kan brukast i når ein lagar ein aktivitetsplan.
- Det er utarbeida eit årshjul for arbeidet med § 9a i kommunen, og ved skulane (bla. når dette skal gjennomgåast med føresette og med FAU).
- Det er utarbeida eit eige varslingsskjema som kan brukast dersom ein vil varsle skulen om krenking/mobbing.
- Mal for aktivitetsplan er den same som tidlegare.
Det vart påpeikt at planen burde delast for alle føresette. Planen vil bli lagt ut på skulen si heimeside.
Sak 5: Nettvett som tema for felles foreldremøte hausten 2024?
FAU-leiar har fått følgjande innspel frå ein føresett:
«Burde hatt en ny runde vedr nettvett. Dette mener jeg er kjempeviktig og bør ha fokus også fra skolens side. Lene@, kan du spille dette inn til rektor for å høre hva som er mulig å få til. Tenker det er ok å «bearbeide» dette litt og så ta dette opp som egen sak på neste FAU møte»
|
Eg tenkjer og at me burde gå på litt meir på dette med både tlf i låg alder og nettvett, så kanskje noko me burde prøve å få til? Trur og at fleire foreldre hadde kome på slikt foreldremøte når det er i regi av «kjente» som har mykje kunnskap om slikt? Kva tenkjer du?
Vi tek sikte på å ha dette som tema på felles foreldremøte hausten 2024. Rektor tek kontakt med Barnevakten.no for å høyre kva dei kan tilby. FAU ønsker at det blir fokusert på bruk av sosiale media og gaming.
Sak 6: Eventuelt:
- FAU snakka saman om deira oppgåver på 17. mai. FAU-leiar sit på detaljane om dette dersom det er spørsmål.
- Skuleavslutning 17. juni (organisering som førre år).
- Bør vi finne ein anna dag til FAU-møta frå og med neste år? Vi held fram med å ha møta på tysdagar neste skuleår, men kjem til å starte kl. 19.00.
- Vart snakka om at det er litt kaos når elevar blir henta ved skuleslutt, og at dette kan potensielt skape trafikkfarlege situasjonar. Det hender det er for få parkeringsplassar i forhold til talet på privatbilar. Det skjer også at både bussar og privatbilar ikkje står der dei skal. Dette kan skape farlege situasjonar.
Rektor kom igjen med oppmodinga om at dei som kan lar borna gå og sykle til skulen (dette gjeld sjølvsagt ikkje for dei som har farleg skuleveg). Det blir også oppmoda i infobreva frå skulen om å parkere på dei oppmerkte plassane.
Det vart foreslått å heller bruke parkeringsplassane ved barnehagen når føresette skal hente. Skulen ser ein del utfordringar i samband med sikkerheit om ein skulle vele å gjere det på denne måten.
Rektor nemnde også ein tanke om å kanskje innføre ein bilfri sone rundt skulen. For eksempel at born som blir køyrde til og frå skulen må gå frå/til kommunehuset der det er sykkelsti.
Kjetil Homeland
Rektor