REFERAT FRÅ MØTE I FAU/SU/SMU PÅ KOLLEMO SKOLE TYSDAG 16.01-2024:

Frammøtte: Veronica Fåland (5.kl), Lene N. Urevatn (4.kl), Kari Janne Gysland (vara, 7.kl), Trine Ødegård (vara, 3.kl), Leon Olsen (elevrådsrepresentant), Merete Leland (2.kl), Gerd Lima (6.kl), Nina L. Tveit (lærarrepresentant.), Cecilie Eiken (lærarrepresentant.), Stina Estensen (representant for andre tilsette) og Kjetil Homeland (rektor).

 

Stine-Mari Johnson (1. kl.) hadde meldt forfall.

Kommunens representant var ikkje til stades.

 

Tidspunkt: 18.30 – 20.00

Stad: Klasserommet til 4. klasse på Kollemo skole (rom nr. 200).

 

Saksliste:

 

Sak 1: Situasjonsrapport frå Kollemo skole:

 

Rektor orienterte om kva som positive ting og utfordringar i skulekvardagen.

Av positive ting vart bla. dette nemnd:

 

  • Positiv utvikling når det gjelder oppførsel
  • Mindre konfliktar i friminutta.
  • Trivselsleiarar: Måndag 15.01.24 var åtte elevar og ein lærar på kurs i Lyngdal. Vi kjem til å prøve å ha trivselsleiarar framover i nokre av friminutta.

 

Den største utfordringa vi har er å finne nok personell (både på kort og lang sikt).

 

Dette er også årsaka til at vi har måtta gått til det skritt å utsette symjeundervisninga til oppstart tidlegast i veke 9. Dette skyldast at vi manglar ei lærarstilling. Det var ein kvalifisert søkar til utlysinga vi hadde før jul. Vedkommande er tilsett, men er avhengig av barnehageplass for å kunne byrje å jobbe hos. Vi hadde håp om at dette skulle vere i orden til 01.01.24, men det var det dessverre ikkje. Dette skyldast at barnehagen heller ikkje får tak i nok personell. Dei har uttrykt at det kan vera moglegheiter for at det går i orden i løpet av februar. I så fall startar vi opp med symjing frå og med veke 9.

 

Sak 2: Orientering/gjennomgang av, og evt. innspel til, diverse planar (Mobbeplan, plan for sosial kompetanse, ordensreglar og plan for skule-heim).

 

Rektor orienterte om planane som er nemnd ovanfor.

 

Planen mot mobbing og krenkingar har blitt endra litt siste året grunna at kommunen har hatt eit generelt tilsyn på §9a. Ein av tinga som måtte rettast er at det må inn i planane rutinar på brot ved §9a-5. Vi har hatt rutinen på plass også tidlegare, men no er den også skriftelegjort i planen (i etterkant, i samband med arbeidet med å rette pålegga frå Statsforvaltaren, har skuleeigar sett behov for å endre ytterlegare på denne planen. Ny plan vil bli lagt fram for FAU/SU/SMU så fort den er klar).

 

Det kom ingen innvendingar frå møtedeltakarane på planane, men det vart fremma forslag om mindre justeringar/oppdateringar pga. at det som stod ikkje stemde heilt med dagens praksis (for eksempel «to felles foreldremøte pr år», som ble til «minst eit felles foreldremøte pr. år»).

 

 

 

 

 

Sak 3: Budsjett 2024:

 

Rektor orienterte kort om korleis vi har tenkt å gjennomføre innsparingane som er vedteke. Det meste av innsparinga vil bli teken i haust då behovet for ekstraressursar etter all sannsyn vil minke litt.

 

Sak 4: Eventuelt:

 

  • Nina L. Tveit orienterte om at skulen arbeider med å lage ein tverrfagleg plan. I samband med tverrfagleg arbeid kjem ein til å legge opp til ein del besøk i nærmiljøet. For å klare å gjennomføre dette vil det vere aktuelt å spørje føresette/evt. andre i familien om å stille opp som sjåførar. FAU var veldig positive til dette.
  • 7. klasse ønsker toastjern.
  • Det stod ein feil i sist infobrev frå skulen om kor ein skal melde endringar i samband med SFO. Dette skal gjerast via IST.
  • Elevrådet hadde følgjande innspel:

 

  • Det er ikkje alle klassebileta ved skulen som er hengd opp i foajéen.
  • Dei ønsker mindre lekser.
  • Dei store elevane ønsker også å kunne bruke den stor snøhaugen i skulegarden i friminuttane.

 

 

 

 

 

 

Kjetil Homeland

Rektor