Til stades: Nina L. Tveit, Cecilie Eiken, Stina Estensen, Stine-Mari Johnson (1.kl), Merete Leland (2.kl), Lene N. Urevatn (4.kl), Veronica Fåland (5.kl), Gerd Lima (6.kl), Arne Andersen (7.kl) og Jan Petter Gysland (politikar)
Tidspunkt: 18.30 – 20.00
Stad: Klasserommet til 4. klasse på Kollemo skole (rom nr. 200).
Saksliste:
Sak 1: Møteplan for skuleåret 2023/24:
Forslag:
Tysdag 16. januar kl. 18.30 – 20.00
Tysdag 16. april kl. 18.30 – 20.00
Skal vi gjere det som tidlegare år at FAU-leiar og rektor snakkar saman i forkant av møta og ser på sakslista, og så blir einige om møtet skal vera eit reint FAU- møte eller eit FAU/SU/SMU – møte?
- Forslaget til tidspunkt for møtane er ok.
- Ingen innspel på denne saken.
Sak 2: Skulemiljøutval + Opplæringslova §9a.
Informasjon til elever og foreldre om skolemiljø (udir.no)
- Nina orienterte om dette. Dersom nokon ønskjer å lese meir om dette blir det oppfordra til å trykke seg inn på lenka.
- Innspel frå foreldre om å fokusere på det som skjer av forebyggande arbeid i forhold til mobbing, og ikkje berre det som skjer etter at mobbinga har starta.
Sak 3: Situasjonsrapport frå Kollemo skole.
- Blir tatt opp nokon av dei ulike utfordringane me har her på Kollemo, og spesielt då i fotballbingen/på fotballbanen. Det handlar generelt om haldninga mange av elevane har både til andre elevar, men også til dei vaksne.
- Viktig å lære elevar at alle er forskjellige, og det skal ikkje være ei haldning der alle skal være best i alt, og heile tida heve seg over kvarandre. Viktig å respektere kvarandre for den vi er. Det kan vere lurt å bruke tid på å snakke med elevane om dette (og repetere dette heile tida).
- Nina viser til ei sak som har gått rundt på Facebook nå i den siste tida der ei jente frå nabokommunen som har blitt utsett for digital mobbing der det blir sagt at jenta kan gå å døy, henge seg, ho er feit, ekkel, stygg osv. Her er det null respekt, kva kan vi gjere for at alle skal ha respekt for kvarandre? Nettvett kan vi ikkje snakke nok om. Her må foreldrane på banen.
- Innspel frå foreldre: minner om det som May Britt og Janne snakka om på felles foreldremøte, og at det kan vere lurt at så mange som mogleg deltek på dei «kursa» som familiekontoret held i haust/vinter.
- Er det moglegheit å få inn nokon eksterne «forelesarar» som kan snakke med elevane om konsekvensar av dårleg oppførsel (for eksempel politiet)?
- Trivselsleiarar/gruppe? To elevar frå kvar klasse som kan ha ein månad kvar der dei har ansvar for å vere «vakt» i friminutta der dei skal passe på at alle har det bra, dei kan også organisere ulike aktivitetar – er dette noko elevrådet kan ta seg av?.
- Innspel om å skrive inn på vekeplanen+IST om å vere høfleg, vise respekt osv som ein påminning for alle. Cecilie og Nina lager eit skriv som alle kontaktlærarar kan ta med seg vidare til sine klassar.
Sak 4: Orientering/gjennomgang av, og evt. innspel til, diverse planar (Mobbeplan, plan for sosial kompetanse, ordensreglar, plan for skule-heim og pedagogisk plattform).
- Blei ikkje gjennomgått på grunn av lite tid då det blei mykje styr angåande forvirring rundt tidspunkt for møtet.
Sak 5: Budsjett 2024 – kva behov har Kollemo skole neste skuleår, og kva kan konsekvensane bli om vi ikkje får dekka desse?
Kollemo skule har eit stort behov for auke i ressursar kommande dette skuleåret grunna auke i elevar med ekstra behov, fleire ressurskrevjande oppgåver som er lagt til i samband med barnevernsreforma og ein generell auke i elevtalet.
Rektor har meldt inn det som trengs av auke for 2. tertial i år og for budsjett i 2024. Kommunedirektøren har lagt desse tala inn i hans forslag til budsjett for 2024. Skulen har planlagt etter denne auken når ein har lagt timeplanen for komande skuleår. Skulle det bli sånn at politikarane ikkje vel å gå inn for gje denne auken vil ein måtta kutte i tilbodet til elevane med dei konsekvensane som det då i så fall ville medført (for eksempel ikkje lovpålagt tidleg innsats, fleire samanslåtte klassar = på sikt auka behov for spesialundervisning, antakeleg fleire §9a saker, auke i arbeidsbelastninga til dei tilsette, osv.).
- Nina orienterte om dette.
Sak 6: Innspel frå FAU-leiar: «Hei! Sat just å høyrde gjennom denne og tenkjer at den burde alle på skula+foreldre høyre».
- Lenka legges ut saman med det skrivet Cecilie og Nina skal lage som blir lagt med på vekeplanen+IST.
|
Sak 7: Val av leiar av FAU, nestleiar FAU og 2 medlem med personleg varamedlem til Samarbeidsutvalet og til Skulemiljøutvalet:
- Leiar – Lene N. Urevatn
- Nestleiar – Merete
- SU/SMU – Gerd Lima (Arne Andersen – vara), Veronica Fåland (Stine-Mari Johnson – vara)
Sak 8: Eventuelt.
- Moglegheit for å samle inn brukte leiker til skule/SFO (smådyr, leikebilar, mv.)
- lego
- playmobil
- småbiler/kjøretøy som ikkje er så veldig store (til innebruk)
- lekekjøkkenting
- brannmann Sam, Paw Patrol
- sylvanian, Barbie, dukkeklær
- plastdyr
- dukkehus/staller/låver og liknande.
- duplo
- togbane
- Kan dette leggjast med på eit infobrev som også kan leggjast ut i IST?
- Mykje tiss på gutedoane. Kva kan vi gjere? Foreldrane må snakke med borna om at det anbefalast at gutane skal sitte ned når dei er på do.
- Låsane med 6. og 7. klasse kan skrues igjen utan at nokon gjeng inn på doen, og det ser derfor ut at nokon er på do utan at det er nokon der. Kan låsane strammast? Vaktmestaren må på saken.
Cecilie Eiken, ref