Heimel: Fastsett av kommunestyret i Hægebostad ??.??.2025 med heimel i lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 4-5 femte ledd.

§ 1. Eigarforhold

Skulefritidsordninga blir driven av Hægebostad kommune i samsvar med opplæringslova § 4-5.

§ 2. Opptaksmyndigheit

Påmelding til skulefritidsordninga skjer digitalt. Sjå kommunen si heimeside for meir informasjon. Opptaket blir gjort av einingsleiar på skulen innafor gjeldande vedtekter. Einingsleiar ved den einskilde skule kan innvilge søknader som kjem i løpet av skuleåret dersom det er ledige plasser i SFO.

§ 3. Opptakskriterium

Alle elevane i 1. - 4. klasse og barn med særlege behov i 5. - 7. klasse kan søke om plass i SFO. Barn som ikkje fyller krava til opptak, kan etter søknad bli teken opp dersom det er ledig plass i SFO. Det skal etablerast SFO frå 1.søker.

§ 4. Opptaksperiode, oppseiing og endring

Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. april. Frist for oppseiing eller endring er ein månad rekna frå 1. i kvar månad. Det betyr at ein må betale for ein månad etter oppseiing av plass. Dersom plassen seies opp etter 1. april, må det betalast ut SFO året dvs. til sommaren.

§ 5. Foreldrebetaling

Betalingssatsane blir fastsett av kommunestyret etter framlegg frå formannskapet. Betalinga gjeld frå den dagen barna byrjar i SFO. Ved ordinært fråvær blir det ingen reduksjon i betalinga.

 

Betalinga skjer etter dei fristar som blir vedtatt.

 

Foreldre/føresette til elevar i skulefritidsordninga, kan kjøpa enkelttimar/dagar etter avtale med leiar for SFO til ein fastsett pris vedtatt av kommunestyret. For enkelttimar blir det betalt full timesats for påbegynt time.

 

Forøvrig vises til opplæringslova i forhold til moderasjonsordningar.

§ 6. Leike- og opphaldsareal

Enhetsleder fastset leike – og opphaldsareal for SFO.

§ 7. Dagleg opphaldstid og årleg opningstid

SFO kan ha ulik opningstid for dei to skulane. SFO kan vera open alle vekedagar frå

07.00 - 16.30. SFO held stengt i juleferien, påskeferien og heile juli månad, og planleggingsdager.

 

På onsdagar og undervisningsfrie dagar kan SFO-tilbodet gis ved ein av skulane. Ved deltakarar frå begge skulane skal ein legge tilrette for å variere oppmøtestad, slik at begge skulane brukes som utgangspunkt for SFO-tilbodet.

 

Ved få søknadar kan skulane samarbeide om SFO og kun gje tilbod ved ein av skulane heile veka eller dagar.

§ 8. Personale og leiing

Enhetsleder for skulen er leiar for SFO, og har det overordna pedagogiske og administrative ansvaret.

 

For kvar gruppe som er på meir enn 15 barn, skal det vera minst ein tilsett i tillegg.

 

I særskilde situasjonar kan enhetsleder for skulen kome med framlegg om ei anna bemanning enn det hovudregelen tilseier.

§ 9. Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft straks fra vedtaksdato ??.??.2025