Hjemmel: Fastsett av kommunestyre ??.??.25 med heimel i lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 10-7.
§ 1. Formål
Formålet med ordensreglementet er å ha ein skole der alle kan trivast, og der elevane kan utvikla sine evner i positivt samspel med vaksne og andre barn. Skolereglane skal være eit verkemiddel til å nå målet.
§ 2. Verkeområde
Ordensreglane gjeld frå eleven går heimanfrå, og til eleven er heime att etter ordinær skoleveg til og frå skolen.
Reglane gjeld også på alle tilstellingar i skolens regi, og på turar og ekskursjonar.
Enhetsleder ved skolen kan gje unntak frå reglane, eller gje utfyllingar av reglane.
§ 3. Organisering av skoledemokratiet
Ved skolane skal det vere eit elevråd, og det skal vere eit arbeidsutval valt av foreldra.
Elevrådet skal bestå av 1 representant frå kvart trinn frå 4. til 7. trinn. Det skal veljast personleg vararepresentant.
I arbeidsutvalet skal det vere minst 1 foreldrerepresentant frå kvart trinn, og 1 representant blant dei tilsette ved skolen som blir valt av dei tilsette, samt ein representant frå elevrådet som møter ved behov. Einingsleiar, eller den som blir gitt mynde frå einingsleiar, leiar møtet og er sekretær.
§ 4. Orden
1. Alt som høyrer skolen til må handsamast greitt. Ein kan måtte erstatte det som blir skada. Bruk bokbind på fleirgangsbøker.
2. Heimen melder frå til skulen når eleven er/har vore borte. Skulen ønskjer at foreldra melder frå til skulen første dagen eleven er borte. Dersom elevar skal ha fri, må dette avklarast på førehand.
3. Ein skal fylgja dei reglane som blir sett om friminutt, om å hengja opp klede og om bruk av utesko/innesko.
Alle må hjelpa til med å halda orden.
4. Hald skolen rein for avfall. Bruk søppelkorgene!
5 Ytterklede og hovudplagg skal henga på knaggane i timane. Skulen brukar utesko/innesko.
6. Det skal vere arbeidsro i timane. Arbeidsoppgåver og lekser skal gjerast.
§ 5. Oppførsel
Reglar for åtferd:
1. Skolen set opp kva for område som er leike- og opphaldsområde. Elevane skal ikkje forlate området utan lov. Når det ringjer, skal elevane straks gå stille og roleg inn.
2. Det skal vera triveleg å vera på skulen. Derfor må alle passa på å ikkje erta, mobba, plaga eller stenga nokon ute. Ein skal seie frå til lærar eller andre som arbeider på skolen dersom ein ser at nokon blir erta, plaga eller mobba.
3. Ver høfleg mot andre på skolen! Banning, skjellsord eller usømeleg tale er ikkje lov.
4. Leik som fører med seg fare for elevane, eller som kan vera del av undertrykking av andre, er ikkje tillate. Dette gjeld t.d. fotballsparking på indre plass, slåsting, sykling og snøballkasting. Snøballkasting kan bli tillate mot oppsette mål.
5. Bruk av godteri er bare tillate i særskilde, på førehand avtalte høve.
6. Tobakk eller rusmiddel er ikkje tillate.
7. Bruk av mobiltelefon og andre kommuniserande einingar i skuletida er ikkje tillate utan etter spesiell avtale.
§ 6. Tiltak ved brot på skolereglene
Brot på reglane kan føre med seg innesitjing i friminutt, melding med heim, beslaglegging, inndraging, erstatning eller bortvising. Elevane vil bli vurdert i orden og åtferd kvar halvår, med tanke på positiv utvikling av orden og åtferd.
Dette er tiltak som kan brukast for å forbetra orden og åtferd:
Orden:
Tilsnakk frå lærar, samtale med lærar, arbeid med ugjorte heimeoppgåver i friminutta når det ikkje er rimeleg grunn til at oppgåvene ikkje er gjort, telefonsamtale/ samtale med heimen, samtale på rektors kontor, skriftleg melding heim, ekstra samtalar skule - heim.
Åtferd:
Tilsnakk frå lærar, samtale med lærar, innesitjing i friminutt, gå med vakt i friminutta, halda seg på særskilt tilvist plass i friminutta, eller borte frå særskilt tilvist plass i friminutta, måtte gå heim eller bli henta av foreldre.
I dei tilfella der tiltaka over har vore prøvd og ikkje ført fram, kan skulen setja i verk fylgjande straffetiltak:
Sitja inne med lærar i ein eller fleire timar/friminutt, inndraging/beslaglegging for kortare eller lengre tid, heil eller delvis erstatning, bortvising for resten av dagen, bortvising frå skulen for ein eller fleire timar eller bortvising frå skulebussen for ein eller fleire dagar. Regelen om bortvisning følger av opplæringsloven § 13-1.
§ 7. Elevenes rettigheter
Elevane har rett til eit trygt og godt skolemiljø, og rett til å bli behandla med respekt og omtanke. jmf. opplæringslova § 12-2
§ 8. Saksbehandling
Ved straffetiltak som bortvising skal det gjerast enkeltvedtak, og eleven skal få høve til å uttale seg.
Rektor fastset reglar for orden og åtferd etter dei saksbehandlingsreglar som er i forvaltningslova.
§ 9. Ikraftsetting
Forskrifta trer i kraft straks fra vedtaksdato ??.??.2025