Tidspunkt: 19.00 – 20.30

Stad: Klasserommet til 7. klasse på Kollemo skole (rom nr. 200).

 

Tilstade: Anne Grethe Øydna, Iselin Grøtteland, Karianne Bryggeså, Jannicke Pettersen Furuholt, Ole Tom Knabenes, Magne Pedersen, Helene Rognlien Husøy, Nina L. Tveit, Cecilie Eiken, Kjetil Homeland og Ingrid Taline Aarsand.

 

Stina Estensen meldte forfall.

 

Saksliste:

 

Sak 1: Val av leiar av FAU og nestleiar FAU

 

Leiar: Karianne Bryggeså

Vara: Ole Tom Knabenes

 

Sak 2: Møteplan for skuleåret 2024/25:

 

Følgjande møteplan vart vedteke:

 

Tysdag 03.12.24

Tysdag 04.02.25

Tysdag 06.05.25

 

Alle møta byrjar kl. 19.00, og blir halden i rom nr. 200 på Kollemo skole.

 

Sak 3: Opplæringslova Kap. 12. og 13:

 

Kapitelet som omhandlar skolemiljøet til elevane har flytta plass i den reviderte opplæringslova. I den gamle loven låg det i kapitel 9. I den nye som gjeld frå og med 01.08.24 ligg det i kapitel 12.

Rektor gjekk igjennom kapitel 12 i opplæringslova (jfr. Plan elevane sitt skolemiljø i Hægebostad kommune).

 

Kapitel 13 i den reviderte opplæringslova omhandlar dei tilsette sin moglegheit til å gripe inn fysisk mot elevar som er til fare for seg sjølv/andre eller mot eigedom. Det er eit krav om alle andre moglegheiter har blitt prøvd fyrst, og det er også krav til dokumentasjon i etterkant.

 

 

 

 

 

Sak 4: Situasjonsrapport frå Kollemo skole:

 

Positivt

Forbetringspotensiale

 

Trivselsleiarar i friminuttane

Enkelte elevar må bli flinkare til å kome inn frå friminutta.

 

Flinke faderar (6. og 7. klasse)

 

Har ein del privatbilar som ikkje står der dei skal ved henting/levering. Dette kan skape farlege situasjonar.

 

Gode til å ta imot nye elevar frå Ukraina, og få dei integrert i leiken

 

Vi har få aktive § 12-saker, men vi må likevel jobbe vidare med å kome i mål med visjonen om at alle skal oppleve skulekvardagen som god og trygg.

 

I stor grad høflege elevar som snakkar fint til kvarandre og dei tilsette.

Elevar og tilsette rapporterer om dårleg ventilasjon i enkelte klasserom (teknisk er på saka).

 

Det kom innspel frå dei tilsette i møtet at det blir jobba med å stoppe ein del stygt språkbruk i samband med fotballspeling i friminutta.

 

Sak 5: Orientering/gjennomgang av, og evt. innspel til, diverse planar:

 

Plan for elevane sitt skolemiljø:

  • Det er henvist til §9a-5 (§12a-5), som omhandlar kva som skal skje viss ein tilsett krenker ein elev.
  • Internkontrollrutine for korleis skuleeigar skal halde kontroll på korleis skulane arbeidar med §9a (§12)-saker.
  • Det spesifisert kva trivselsundersøking skulane skal bruke.’
  • Det står tips til tiltak frå UDIR som kan brukast i når ein lagar ein aktivitetsplan.
  • Det er utarbeida eit årshjul for arbeidet med § 9a (Kapitel 12) i kommunen, og ved skulane (bla. når dette skal gjennomgåast med føresette og med FAU).
  • Det er utarbeida eit eige varslingsskjema som kan brukast dersom ein vil varsle skulen om krenking/mobbing.
  • Mal for aktivitetsplan..

Planen vil bli oppdatert med dei nye lovhenvisningane og lagt ut på skulen si heimeside. 

Forslag til revidert plan for samarbeid skole – kyrkje vart vist på møtet. Planen blir sendt ut saman med referatet. Den vil bli behandla på neste møte.

 

Skulen har også mange andre planar (Plan for skole-hjem, leseplan, IKT-plan, mv.). Desse har alle behov for å reviderast. Dette vil bli gjort så snart administrasjonen har kapasitet til dette, og dei vil då bli lagt fram for FAU og elevråd.

 

Dei planane som loven krev dette for vil bli lagt fram for kommunestyret for godkjenning (dette gjeld for eksempel ordensreglementet).

 

Alle gjeldande planar vil bli lagt ut på heimesida til kommunen så snart som mogleg etter at dei er revidert:

 

Kollemo skole - HÆGEBOSTAD KOMMUNE (haegebostad.kommune.no)

 

 

Sak 6: Eventuelt:

 

Etter ny/revidert opplæringslov gjeldande frå 01.08.24 er det ikkje lenger krav til at skulen skal ha Samarbeidsutval og Skolemiljøutval, men loven seier at det skal vere eit samarbeidsorgan der føresette og elevar deltek. Den seier vidare at det er opp til kommunen å bestemme korleis dette organet skal organiserast. Den gamle utgåve sa noko om kven som skulle vere med i dette SU og SMU. Den nye seier ikkje noko om dette. Rektor undersøker nærmare korleis dette formelt skal gjerast.

 

Tidlegare/oppheva opplæringslov:

§ 11-1.Samarbeidsutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.

 

§ 11-1a.Skolemiljøutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

 

Gjeldande opplæringslov:

§ 10-4.Skoledemokratiet

Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.

Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet.

§ 10-5.Organiseringa av skoledemokratiet

Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit arbeidsutval som er valt av foreldra på skolen. Foreldra kan velje å organisere seg på andre måtar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.

Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same måten som dei tilsette har etter kommuneloven § 13-4

 

 

 

Sparkesyklar: FAU gav sparkesyklar til skulen for nokre år sidan. Då vart det bestemt at det berre var 7. klasse som kunne bruke desse i friminutta. Det er veldig få av elevane i 7. klasse i år som brukar syklane. Kan skulen få lov av FAU til gje andre elevar lov til å bruke syklane? Dette var ok for FAU. Elevrådsleiar fortalte at dei hadde diskutert evt. anna fordeling av sparkesyklane på sist elevrådsmøte, og at kvar klasse skulle sjå på dette til neste møte. Elevrådsleiar høyrer med klasserepresentantane om kva klassane har kome fram til og gjer beskjed til rektor. Ein tek sikte på at ein kan byrje med ny organisering frå veke 41.

 

Kan FAU bidra med hjelp til å organisere lyd til juleavslutningane/førestillingane? Innspelet kom frå ein av FAU-representantane. Vart snakka om det var føresette som kunne ta på seg å stille lyd, og om det evt. kanskje var mogleg å få sendt nokon på kurs for å lære meir om dette. Kanskje det er lokale bedrifter som er villige til å bidra med midlar til dette og evt. utstyr som trengs? FAU-leiar ser nærmare på saka.

 

Handball: Nokre føresette har spela inn om det er mogleg å få kjøpt inn handballar slik at elevar som ønsker det har moglegheit til å trene/kaste handball i friminutta. Skulen kjøper inn handballar som kan brukast ute.

Det vart også snakka om moglegheita for å få til å merke opp ein handballbane i bingen. Vart einige om at elevrådet sjekkar ut kor mange som evt. vil vera interessert i å spele handball før ein evt. gjer dette (Det må også sjekkast ut om bingen er eigna til dette).

 

 

Med helsing

Kjetil Homeland

Enhetsleder Kollemo skole