Tidspunkt: 19.00 – 21.00
Stad: Klasserommet til 7. klasse på Kollemo skole (rom nr. 200).
Deltakar: Anne Grethe Øydna, Iselin Grøtteland, Karianne Bryggeså, Terje Forgard, Jannicke Pettersen Furuholt, Ole Tom Knabenes, Magne Pedersen, Nina L. Tveit, Cecilie Eiken, Kjetil Homeland og Ingrid Taline Aarsand.
Saksliste:
Sak 7- 2024/25: Plan for samarbeid skule – kyrkje i Hægebostad kommune:
- Einige om at vi ønsker at avsnittet som startar med «1/2. trinn deltek i øving/førebuing til hausttakkefest..» blir tatt vekk frå planen.
Sak 8 - 2024/25: Situasjonsrapport frå Kollemo skole:
Positivt |
Forbetringspotensiale
|
Trivselsleiarar i friminuttane. |
Enkelte elevar må bli flinkare til å kome inn frå friminutta.
|
Flinke faderar (6. og 7. klasse)
|
Elevar melder ifrå om at alt ikkje alltid er som det skal i bingen/på fotballbanen. Det dreier seg om ufint språkbruk, harde taklingar, elevar som gjer anna enn å spele fotball, mv. |
I stor grad høflege elevar som snakkar fint til kvarandre og dei tilsette. |
Få informert og få med nye elevar frå for eksempel Ukraina på fritidsaktivitetar.
|
Sak 9 – 2024/25: Eventuelt.
- Etter ny/revidert opplæringslov gjeldande frå 01.08.24 er det ikkje lenger krav til at skulen skal ha Samarbeidsutval og Skolemiljøutval, men loven seier at det skal vere eit samarbeidsorgan der føresette og elevar deltek. Den seier vidare at det er opp til kommunen å bestemme korleis dette organet skal organiserast. Det er kommunestyret som endeleg fastsett korleis dette skal organiserast i Hægebostad. FAU ved Kollemo skole foreslår at det blir organisert på følgjande måte: Det blir eit organ ved kvar skule der følgande deltek:
- Ein føresette frå kvar klasse.
- Ein representant frå elevrådet.
- Ein representant frå dei tilsette ved skulen i tillegg til rektor.
- Rektor ved skulen er med som sekretær/møteleiar.
- Politikarane treng ikkje å vere representert, men det kan vere aktuelt å invitere dei dersom ein har aktuelle saker som det er viktig at dei er med på.
- Skulen har teke initiativ til eit dialogmøte med føresette til elevar frå Ukraina, Flyktningtenesta og skulen etter nyttår der vi mellom anna skal sjå på korleis vi kan få gjeve betre informasjon om fritidsaktivitetar. Kan FAU hjelpe til med å lage ein oversikt over tilbod som er i kommunen med kontaktinformasjon?
- FAU lager ei oversikt over fritidsaktivitetar med kontaktinformasjon. Magne Pettersen har hovudansvar for dette.
- Det vart peika på at det er ein del språkutfordringar når elevar frå andre land er med på fritidsaktivitetar. Er det mogleg å få hjelp med tolk? Dette blir vidareformidla til Flyktningtenesta.
- Det vart påpeika at det er viktig at elevar og føresette får gode forklaringar på kva dei ulike aktivitetane går ut på. Dette blir vidareformidla til Flyktningtenesta.
- Nokre av fritidsaktivitetane brukar ein app til informasjon.
- Hadde det vore ein ide med fadrar i kvar klasse til nye elevar frå Ukraina? Skulen syns det er eit godt forslag og vil vurdere dette, men opplev pr. no at elevane i dei enkelte klassane er veldig gode til å prøve å inkludere nye elevar.
- Det er litt utfordringar med å finne føresette til ukrainske barn på Facebook og liknande pga. at namna er skreve med kyrrilske bokstaver.
- Vart snakka om følgjande på sist møte: «Kan FAU bidra med hjelp til å organisere lyd til juleavslutningane/førestillingane? Innspelet kom frå ein av FAU-representantane. Vart snakka om det var føresette som kunne ta på seg å stille lyd, og om det evt. kanskje var mogleg å få sendt nokon på kurs for å lære meir om dette. Kanskje det er lokale bedrifter som er villige til å bidra med midlar til dette og evt. utstyr som trengs? FAU-leiar ser nærmare på saka». Korleis ligg det an med denne saka?
- Anne Grethe Øydna snakkar med musikkverkstaden om dei har moglegheit til å bidra med opplæring og evt. kostnad.
- Vart fremma eit ønske om at det blir gjennomført ein presentasjonsrunde (namn og kven dei er føresette til) på klasseforeldremøta slik at nye føresette kan bli kjent med dei andre foreldra. Dette kan skolen innføre frå og med møta hausten 2025.
- FAU ser på om dei kan bidra med premiar til reflekskonkurransen til 1-4. Kjem med tilbakemelding om dette på møtet i februar. Det er ønskeleg at det blir eit opplegg også for 1-3.
- Våren 2025 kjem det til å bli ein del nye forskrifter mv. som kommunestyret må behandle (ordensreglement, SFO, skuleruter, mv.). FAU vil få moglegheit til å kome med innspel til forslaga før dei blir lagt fram for kommunestyret.
- Nokre føresette har kome med ønske om at SFO startar tidlegare om morgonen (06.50/06.55).
- Sist møte vart elevrådet utfordra til å sjekke om interessa for evt. å merke opp handballbane i friminutta. Det er nokre elevar i kvar klasse som har sagt at dei nok vil spele handball i friminutta om det var moglegheit til dette. Magne Pettersen høyrer med idrettslaget om det ok, og i så fall så merker han opp handballbane i bingen når dette blir mogleg å gjera etter nyttår.
Neste møte blir som avtalt på møtet i september: tysdag 04.02.25 kl. 19.00.
Med helsing
Kjetil Homeland
Enhetsleder Kollemo skole