Saksliste:

 

Sak 1: Situasjonsrapport frå Kollemo skole: Rektor gav ein kort situasjonsrapport. Utfordringar som ble nemnt var:

  • Merker generelt at høflegheita er litt på nedtur blant ein del av elevane. Vi må jobbe saman for å halde dette på eit høgt nivå.
  • Til dels høgt sjukefråvær blant dei tilsette.
  • Snøhaugen har vore med å laga litt konfliktar mellom elevane ute i friminuttet.

 

Sak 2: Resultat frå elevundersøkinga hausten 2022:

 

Rektor gjennomgjekk resultata. Generelt var resultata gode. Har nokre forbetringspunkt som skulen må sjå på.

 

Sak 3: Resultat frå Nasjonale prøvar for 5. klasse hausten 2022.

 

Rektor gjennomgjekk resultata.

 

Sak 4: Sommaravslutning 2023:

 

Tidspunkt blir tysdag 19.06.23.

7.klasse og føresette møter til ei meir formell avslutning i klasserommet kl. 16.30 – 17.15.

Alle elevar, føresette og evt. slektningar som vil bli med møter kl. 17.15  - 19.15. Det blir grilling og leiker i skulegarden.

 

FAU fikser kake, koker kaffi og set på plass grill.

Skulen ordnar grillkol, tennvæske, kjøper kaffi, tenner grill og set fram bord og stolar.

 

Sak 5: Eventuelt:

 

Elevrådet har eit ønske om dusjforheng/skiljevegger i dusjane i garderobane:

Årsak: Det er få elevar som dusjar etter gymtimane.

 

FAU er positive til dusjforheng/skiljeveggar dersom dette kan føre til at fleire elevar dusjar.

 

Det vart påpeikt at føresette må få tilbakemelding dersom deira born har kome med ugreie kommentarar eller liknande, og at gymtimane bør avsluttast i god tid slik at alle elevane rekk å dusje. Det er også viktig at alle elevane sluttar på likt, så ikkje dei som ikkje dusjar får ei belønning ved at dei kan halde på lengre.

 

Rektor skal ha ein samtale med alle klassane før symjeundervisninga byrjar der han snakkar om kor viktig dusjing er, og korleis ein skal oppføre seg i garderobane.

 

Symjehall open heile året?

FAU stilte spørsmål ved kva som må til for at symjehallen kan vera open heile året. Er det mogleg å få dette til ved for eksempel å gjere oppgraderingar på dugnad? Evt. kva anna må gjerast i så fall? Ønsker å setje ned ei arbeidsgruppe som kan sjå på dette. Rektor ser på saka.

 

17.mai:

FAU snakka saman om oppgåver og innhald.

 

 

 

 

 

 

Med helsing

Kjetil Homeland

Enhetsleder Kollemo skole