Tidspunkt: 18.30 – 20.00

Stad: Klasserommet til 4. klasse på Kollemo skole (rom nr. 200).

 

Tilstade: Ragnhild Kvåle, Jorunn Ljosland, Silje Gysland, Lene N. Urevatn, Ann Iren Verdal, Gerd Lima, Arne Andersen, Jan Petter Gysland, Stina Estensen, Nina L. Tveit, Cecilie Eiken og Kjetil Homeland

 

 

Saksliste:

 

Sak 1: Val av leiar av FAU, nestleiar FAU og 2 medlem med personleg varamedlem til Samarbeidsutvalet og til Skulemiljøutvalet:

 

Leiar og medlem til SU/SMU: Lene N. Urevatn

 

Varamedlem: Dette gløymde me vekk. Vi må vele dette på neste møte.

 

Nestleiar og medlem til SU/SMU: Jorunn Ljosland

 

Varamedlem: Dette gløymde me vekk. Vi må vele dette på neste møte.

 

Sak 2: Møteplan for skuleåret 2022.

 

Tysdag 15.11.2022. Tidspunkt: kl. 19.00.

Tysdag 24.01.2023. Tidspunkt: kl. 19.00.

Tysdag 25.04.2023 Tidspunkt: kl. 19.00.

 

Sak 3: Skulemiljøutval + Opplæringslova §9a.

 

Skolemiljøutvalg (udir.no)

 

Informasjon til elever og foreldre om skolemiljø (udir.no)

 

Rektor orienterte om skulemiljøutval og opplæringslova § 9a.

 

Sak 4: Situasjonsrapport frå Kollemo skole:

 

Stort sett grei start denne hausten. Har eit §9a vedtak som har medført at vi må bruke meir økonomiske ressursar, og vi må også arbeide ekstra med klassemiljøet i ein av klassane.

 

Sak 5: Orientering/gjennomgang av, og evt. innspel til, diverse planar

Følgjande planar vart gjennomgått:

·       Mobbeplan

·       Ordensreglar

·       Plan for skule-heim. Det vart foreslått følgjande endringar:

 

-        To felles foreldremøte kvart skuleår. Eit i september, og eit i februar. Møtet i februar blir eit temamøte, som er felles for begge skulane i kommunen. Møta blir halden annakvart år på hhv. Eiken- og Kollemo skole.

-        Dersom rektor ser at det er behov for det kan han/ho ta kontakt med FAU-leiar og gjera avtale om ein foreldredugnad, gjerne kombinert med grilling eller liknande.

 

·       Pedagogisk plattform

 

Det vart fremme eit ønske frå FAU om at planar som skulle opp på fyrste FAU-møte framover blir gjennomgått på klasseforeldremøta i september kvar haust.

 

 

Sak 6: Budsjett 2023 – kva behov har Kollemo skole neste skuleår, og kva kan konsekvensane bli om vi ikkje får dekka desse?

 

Kollemo skole har fått auka behov denne hausten. Det har kome ukrainske flyktningar, ein har måtta brukt ekstra ressursar på eit §9a vedtak, og det har blitt gjort eit politisk vedtak i kommunen om at ein ikkje skal slå i saman klassar i matematikk, norsk og engelsk. Rektor spelte inn under budsjettarbeidet våren 2022 at det som eit minimum var behov for ei auke på 810000 kr. For 2023. I foreløpige rammar til rådmanne ligg det 600 000 kr. Behovet er no atskilleg større enn det som vart forespeila våren 2022. Kor stort er ikkje heilt finrekna på enno.

 

Dersom skulen ikkje får inn desse midlane kan konsekvensane bli:

 

-        Samanslåing av klassar i nokre av matematikk, norsk og engelsktimane.

-        Mindre språkopplæring til dei ukrainske elevane.

-        Ikkje styrktimar og tidleg innsats.

-        Ikkje tiltak i samband med §9a.

-        Innsparing på utgifter som ikkje er løn (forbruksmateriell, mat, turar, osv.).

-        Ytterlegare auke i sjukefråværet.

 

 

Sak 7: Eventuelt:

 

·       Nina og Cecilie orienterte om FN-dagen og opplegget som er tenkt på skulen:

 

Elevane skal jogge rundt fotballbanen. Firma i nærleiken vil bli kontakta for å høyre om dei vil sponse med ein sum pr. runde. Skulen undersøker om det er mogleg få til ein Vippskonto som bedrifter kan vippse til.

 

Det vil også bli «kiosk» denne dagen. Der kan elevane få kake og liknande. Det kjem ikkje til å koste noko, men dei som vil kan ha med pengar som kan leggast i ein boks ved kiosken.

 

Alt som blir samla inn går til TV-aksjonen.

 

FAU lagar kaker mv. Skulen gjev beskjed til FAU-leiar om kor mange dei ønsker.

 

·       Evt. avspasering siste dag før skuleferien? Det er ok for FAU at skulen evt. avspaserer siste skuledag som kompensasjon for lengre skuledagar ved jule/sommaravslutning, og evt. lengre dagar ved skuleturar. I så fall må dei som ønsker det få tilbod om gratis SFO i skuletida, og dei som har rett på skuleskyss må få dette om dei ønsker det.

 

 

 

 

Med helsing

Kjetil Homeland

 

Enhetsleder Kollemo skole