Tilstade: Marius Rekevik, Anne Brit Nøkland, Kenneth Stedjan, Anne Rigmor Åsland,Gry Anette Stedjan, Kari Rossevatn og Anne-Marie Telhaug.
Forfall: Eli Håland, Ronny Vatne, Håvard Eiken, Øystein Telhaug, Nina A Eiken, Lisa Mari Nøkland, Øystein Tveiten, Arne Eiken
Sak 1: Bussane:
- endring i busstider frå Kvåle. Informasjon er sendt ut til føresette
- endring i busstider frå Nøkland (gjeld bare BUS)
- skulen har fått fleire tilbakemeldingar ang elever som går av bussen på Skeie etter endt skuledag. Det oppleves som farleg då elevane må krysse fylkesvegen. (Fv 42)
Etter vinterferien vil bussen som set av elevane på Skeie få eit nytt køyremønster. Når elevane kjem heim vil bussen køyre inn ved Coop. Elevane blir satt av langs vegen som går parallelt med vaskehallen og Kongla. Det vil seie at dei ikkje treng å krysse hovudvegen/fylkesvegen.
Elever som bur på vestsida av hovudvegen/fylkesvegen vil kunne følgje gang-og sykkelstien fram til dei krysser vegen istadenfor å gå langsetter vegbanen Fv42.
- skulen og foreldre må minne elevane på å ikkje krysse vegen før bussen har køyrt
- skulen og foreldre må minne elevane på å sitje på plassen sin til bussen har stoppa
Sak 2: Tilsynsrapporten og vidare arbeid:
- kommunen har hatt eit generelt tilsyn på §9A; dvs kommunen sitt arbeid for å sikre eit trygt og godt skulemiljø
- kommunen har fått noen punkter som må sikrast. Det vil bli gjort gjennom rutinar og retting i Handlingsplan mot mobbing og krenkande åtferd
- i samband med arbeidet med å rette pålegga frå Statsforvalteren, har skuleeigar sett behov for å revidere på planen. Dette arbeidet pågår nå. Ny plan vil bli lagt fram for FAU og SU/SMU når den er klar.
Sak 3: Read Agder:
- mange kommuner i Agder er med i eit prosjekt Read Agder.
- formålet med Read Agder er å gje auka leseglede blant barn og unge. Read Agder skal vere eit supplement til den språk-og leseinnsatsen som allereie foregår i skulen. Som forelder og tilsett kan vi gjere ein stor forskjell på barnet si leseutvikling.
- Hægebostad kommune har vore Språkkommune i fleire år og har hatt mye fokus på lesing og leseglede både i barnehagen og på skulane.
- skulen vår skal delta i leseprosjektet med 1. og 2.trinn. Det er sendt ut informasjon til føresette på desse klassetrinna.
Sak 4: Inventar/utstyr på skulen:
- for noen få år sidan kjøpte vi inn nye stolar og pultar på 5.-7.trinn.
- vi ser at noen elevar er blitt uvørne i forhold til skulen sitt inventar og utstyr. Vi har snakka med enkeltelever og heile klasser, og noen heimar har også blitt kontakta. Elevane bruker bl.a saks for å lage skraper/initialer i pulter og stoler. Når noen har begynt er det ikkje lenge før dette utvider seg til å bli mye meir.
- skulen ønsker å oppretthalde ein god standard på det vi har av inventar og utstyr. Det gjer det meir triveleg når vi har det fint rundt oss.
- iflg ordensreglementet står det «Alt som høyrer skolen til må handsamast greitt. Ein kan måtte erstatte det som blir skada.»
- vi ber heimane om å snakke med barna om korleis dei handterer skulen sitt inventar og utstyr.
- det kan bli aktuelt å be elevar betale ein sum for øydelagt inventar/utstyr
Sak 5: Orientering om aktuelle saker:
- elevundersøkelsen 7.trinn er gjennomført
- skulen har jevnleg fokus på bruk av mobiltelefon, bildetaking og deling. Dette er det svært viktig at føresette følger med på og snakkar med barna sine om.
- 4.trinn er med på batterijakten som foregår noen veker i mars
- det blir gjennomført skidag på Verdal så fort det blir fint vær. 4.-7.trinn vil gå heim via Skeisdalen.
- påskegudstenesten blir 21.mars; informasjon om gudstenesta og om evt fritak er sendt til heimane
- 6.trinn har ansvar for matsal på sommaravslutninga
- sommaravslutninga blir måndag 17.juni
- siste skuledag blir tysdag 18.juni for 1.-3.trinn og onsdag 19.juni for 4.-7.trinn. Tilbod om sfo torsdag 20.juni vil bli sendt ut.
- HMS-undersøkelse bant tilsette er gjennomført. Det er stort behov for fleire grupperom, møterom og arbeidsrom for dei tilsette noe som også kjem fram i undersøkelsen. Dette er spilt inn til kommunen og forslag til løysinger er under arbeid. Arbeidet er satt på vent då den økonomiske situasjonen ikkje tillet vidare arbeid foreløpig.
- gjennom heile skuleåret opplever vi mangel på å skaffe vikarer både ved kort-tidsfråver og langtidsfråver
Neste møte blir torsdag 23.mai-24 kl.18.00. Skulen sender ut innkalling. SU/SMU blir med på dette møtet.
Referent: Anne-Marie Telhaug