Informasjon til elevar og føresette

 

Juleførestilling:

Tysdag 12.12 kl. 18.00 blir det juleførestilling i hallen. Alle er velkomne (føresette, sysken, besteforeldre, osv.). Elevane er godt i gong med å øva på diverse innslag som dei skal vera med på.

 

Juledag:

Fredag 15.12 skal heile skulen ha juledag. Då vil timeplanen bli annleis enn vanleg, og som det ligg i ordet «juledag» vil dagen bli via ting som har med jul å gjere.

 

Mindre lekse i desember:

I veke 48 – 51 vil elevane få mindre lekser med seg heim. Då vil ein i hovudsak prioritere leseleksene.

 

Skulemjølk:

Det er mogleg å bestille mjølk kva tid som helst i løpet av skuleåret.

Dette gjer du på: www.skolemelk.no Her finn du og brukarrettleiing på fleire språk.

 

Nye tilsette ved skulen:

Fredag 01.12.23 byrjar Sheila Grønåsen-Rost og arbeide hos oss to dagar i veka. Ho skal ha hovudansvar for å følgje opp BTI-arbeidet ved Kollemo skole, og i tillegg gjere ein del andre merkantile jobbar for administrasjonen ved skulen. Sheila har utdanning i og erfaring frå barnevernsarbeid.

 

Her kan de lese meir om kva BTI går ut på:  https://www.haegebostad.kommune.no/bedre-tverrfaglig-innsats-bti.533534.no.html

 

May Berntzen er tilsett som lærar fram til jul. Ho er her onsdag, torsdag og fredag. Ho kjem til å ha timar med 6. og 7. klasse, og kjem også til å ha ein del styrkundervisning for elevar som treng ekstra trening i faglege emne.

 

Henting og levering med privatbilar:

Vi vil igjen oppmode om at dei elevane som kan går eller syklar til skulen. Dette er positivt på to måtar: For det fyrste vil det ha positiv innverknad på borna sin kondisjon og helse. For det andre vil det vera positivt i eit trafikksikkerhetsperspektiv. Det er slik at jo fleire bilar som er i skuleområdet ved skulestart/slutt jo større er moglegheita for fleire potensielt farlege situasjonar. 

 

Det er merka opp eigne «dropsoner» for privatbilar og bussar ved skulen:

  • Bussane har plassar frå innkøyringa til biblioteket og eit stykke innover mot barnehagen (merka med bussteikn på asfalten).
  • Privatbilar har plassar nærmare barnehagen (merka med bilteikn på asfalten).

 

For å ivareta sikkerheita ved levering/henting ber vi om at ingen privatbilar parkerer utanom dei merka felta.

 

Leksehjelp:

Endring på kven ein skal sende melding til dersom det er dagar elevane som er påmeldt ikkje skal på leksehjelp: send SMS til Tina på tlf. 91193306 i forkant (Dersom skulen ikkje har fått beskjed må elevane vera til leksehjelpa er slutt).

 

SFO:

Dersom elevane er sjuke eller ikkje skal på SFO ber vi om at de gir beskjed /melding på SFO telefonen, 94527208. SFO ansvarleg kvitterer på meldingane når dei er lest. Dersom de ikkje får kvittering på ei melding, ta kontakt med skulen på tlf. 91362143.

 

FAU/SU/SMU:

Referat frå møte i Foreldreutvalet/Skulemiljøutvalet/Samarbeidsutvalet måndag 09.10.23 ligg på heimesida til kommunen: https://www.haegebostad.kommune.no/kollemo-skole.576623.no.html

 

Neste møte i Foreldreutvalet/Skulemiljøutvalet/Samarbeidsutvalet blir tysdag 16. januar kl. 18.30 – 20.00.

 

 

 

 

Kjetil Homeland

Rektor