Biblioteka i Åseral og Hægebostad har samarbeida om eit prosjekt me har kalla «Biblioteket som historieforteljar». Tida med koronapandemi går inn i historiebøkene. Me ønska å lage film saman med innbyggjarar og bedrifter i våre to kommunar. Fleire er intervjua om korleis dei lokalt opplevde pandemien. Dette er ein film som går inn i biblioteket si lokalhistorie.
Tor Reidar Austrud med sitt enkeltforetak har stått for filming og redigering.
Grunna matservering ønskjer me tilbakemelding innan 16. oktober om du/de kjem. Send e-post eller SMS til:
anne-turid.nokland@haegebostad.kommune.no tlf. 48002773
Vaksen: Kr 100,-
Barn under 16 år: Gratis