Hægebostad kommune skal bytte økonomisystem 01.01.2025, og i samband med det skal òg avtalegiro konverterast.
Som ein konsekvens vil faktura for sjette termin på kommunale avgifter bli fakturert ein månad tidlegare enn vanleg, med forfall 20. desember 2024.
Dei som opplever det som utfordrande med forfall ein månad tidlegare enn planlagt kan ta kontakt med økonomikontoret på tlf 38 34 91 00 eller post@haegebostad.kommune.no, så kan vi avtale betalingsdato.