KULTURPRIS 2021
Ny frist: For å få inn endå fleire kandidatar til kulturprisen blir fristen for forslag utsett til 31. desember.
Formannskapet deler ut kulturprisen 2021 til ein person/organisasjon/gruppe som på særskild måte har utmerka seg innanfor ei frivillig kulturell verksemd, eller på anna måte utmerka seg med arbeid for kulturlivet i kommunen.
Den eller dei som får prisen må bu i Hægebostad kommune, eller ha ei særskild tilknyting til kommunen gjennom si verksemd.
Vi vil be dykk sende inn forslag på kandidat som de meiner er aktuelle til å motta prisen. Det må grunngjevast kvifor kandidaten er verdig Kulturprisen 2021.
Forslaga vil bli behandla konfidensielt.
Vi håper det kjem inn mange gode forslag!
Send ditt forslag til:
Hægebostad kommune, Laukrokveien 4, 4595 TINGVATN innan 31 desember, eller på e-post: post@haegebostad.kommune.no Merk brev/melding med Kulturpris